Generalforsamling haust 2017

August 28, 2017   

Me ynskjer både nye og gamle studentar velkomen til generalforsamling i Applitude!

Det skjer 13. september 2017 kl. 16:15 i Ole-Johan Dahls hus, rom 2423 Seminarrom Java.

Er du interessert i apputvikling eller vil du berre vera med på å styra ei studentforening? Kanskje båe delar? Me rår deg til å møta opp hokke som!

Saklista for generalforsamlinga

  • Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivarar
  • Godkjenning av innkalling og dagsorden
  • Årsberetning
  • Generell del v. Espen Næss, oppsummering av foreningas aktivitet og framtidige planar
  • Økonomiretta del v. William Arild Dahl
  • Godkjenning av regnskap for førre periode og budsjett for neste periode
  • Behandling av forslag til vedtektsendringar
  • Val av styremedlemmar

Fylgjande stillingar vert valde under generalforsamlinga

  • Styreleder
  • Arrangementsansvarlig
  • Kommunikasjonsansvarlig
  • PR-ansvarlig
  • Styremedlem
  • Styremedlem

Fylgjande vedtektsendringar vil au verta stemte over på generalforsamlinga

Dagens styre ynskjer å fjerna paragrafane om ei semesteravgift av di Applitude ikkje lenger er bunden av henne som inntekt, men heller søkjer om midlar hjå FUI når det er høve for det. Semesteravgifta har au i røynda vorte fjerna dei føregåande semesterane då me ikkje har kravt inn noko. Difor ynskjer me å fjerna henne.

Med di ynskjer me å revidera fylgjande paragrafar (OBS! Med atterhald om endringar)

§2.1 vert revidert til

  • Alle studenter som har betalt semesteravgift ved Universitetet i Oslo skal, dersom de ønsker det, tildeles medlemskap.

§2.2 vert revidert til

  • Personer som ikke oppfyller kravene i §2.1 kan, dersom det ikke strider mot gjeldende regler for godkjenning av studentforeninger ved en enhet nevnt i §1, tildeles medlemskap.

§2.3 vil verta fjerna

Det har òg vore eit forslag om å revidera §3.6 som ein konsekvens av fjerninga av semesteravgifta, då fjerninga av henne gjer skiljet mellom eit aktivt medlem og eit passivt medlem meir diffust. Det har vore eit ynske i styret om at aktive medlemmar stiller som kandidatar.

§3.6 vert revidert til

  • Samtlige av foreningens aktive medlemmer fra forrige semester har stemmerett og kan stille til valg.

Det har òg vore eit forslag om å revidera §3.6 til to nye paragrafar

  • Samtlige av foreningens aktive medlemmer har stemmerett
  • Samtlige som oppfyller kravene til medlemskap kan stille til valg.

Me vil òg sjå på om det er von for å utvida talet på styremedlemmar, evt ha ei internordning. Om me vert samde på generalforsamlinga om å utvida talet på styremedlemmar, må fylgjande paragrafar verta reviderte. Forslaget er å utvida med to (2) styremedlemmar.

§4.3 vert revidert til

  • Styret skal ha minimum tre (3) og maksimum ti (10) styremedlemmer. Faste stillinger i styret er leder, nestleder og økonomiansvarlig. Øvrige stillinger bestemmes av styret.

Ynskjer du at me skal diskutera ei revidering av fleire vedtekter vil me at du tek kontakt 7 dagar innan generalforsamlinga per e-post kontakt@applitude.no.

Lenkje til facebookarrangementet

Vel møtt!